fredag 31. oktober 2008

Logg og refleksjon over GLSM-perioden!

Me valte tema for forskingsprosjektet vårt, i forhold til noko som me oppdaga i praksis. Dette blei me einige om at ville vera interessant å forska nærare på. Dette dreidde seg i grove trekk om forskjellar i organisering av ein praktisk aktivitet i matematikk i to klassar, der elevtalet var ulikt. For oss handla dette om ein klasse på 13 og ein på 25. Me laga oss nokre hypotesar som kort sagt gjekk utpå at det er enklare å organisera ein slik aktivitet, og at læraren får meir tid til kvar og ein i ein liten klasse. Me hadde og ein hypotese som gjekk ut på at ein mindre klasse er meir effektiv enn ein stor klasse.

Det har vore veldig interessant og lærerikt å sjå nærare på eit slikt tema som dette. Etter gjennomføringa har eg sett det at hypotesane våre, stort sett stemmer. Det som festa seg mest hos meg var det å oppleva kor mykje meir tid læraren får til kvar enkelt i ein liten klasse. Eg har lært meir om korleis ein må tenkja når ein skal planlegga ei praktisk økt, for her må detaljplanlegging til. Kvar minste ting må tenkast gjennom i forkant for at alt skal gå så ”knirkefritt” som mogeleg. Det krev altså meir frå ein lærar ved gjennomføring av ei praktisk læringsøkt, enn ved ei ”vanleg” læringsøkt.

I forhold til rolla mi i gjennomføringa fekk eg som passiv observatør, sjå korleis elevane jobba med aktiviteten, frå ein ny synsvinkel. Når ein ikkje sjølv har ansvaret for aktiviteten, oppdagar ein mykje meir. Det var lærerikt for meg å observera elevane på denne måten, og føra løpande protokoll undervegs. Det gav meg eit nytt og anna bilete av elevane som kan vera nyttig å ha med vidare.

Då GLSM- perioden starta hadde eg berre vore i denne praksisgruppa gjennom ein tre vekers praksisperiode. No skulle me byrja på å planlegga og gjennomføra eit forskingsprosjekt saman. Det tar tid å bli kjent på gruppa, og med det – kvarandre sine sterke og svake sider. Eg var derfor spent på korleis GLSM- perioden ville utarta seg og korleis samarbeidet kom til å bli. Eg hadde sjølvsagt håpa på eit tett og godt samarbeid gjennom dei ulike fasane i perioden.
Slik eg ser det no, synes eg me har fungert godt saman som gruppe. Me har vore overraskande einige både i planlegginga, gjennomføringa og i skrivearbeidet i etterkant. Me har lytta til kvarandre sine idear og tankar, noko eg ser som veldig viktig for å få til eit godt samarbeid.

Arbeidsmessig har me som gruppe gjort det meste saman. På grunn av at me valte å ha tre ulike oppgåver då me gjennomførte i skulen, blei behovet større for eit tett samarbeid i skrivefasen. Me har difor stort sett vore saman i denne prosessen. I teoridelen i prosjektrapporten blei derimot nokre arbeidsoppgåver fordelt, og me tok her ansvar for kvar vår del. Dette gjekk mest ut på å plukke ut relevant stoff og grovskrive det, for så å jobba vidare med det saman, slik me alle var einige.

Logg:

Veke 35 : Informasjon om GLSM med Gry

Torsdag 2.oktober: møte med øvingslærar om aktuelle problemstillingar til GLSM perioden.

Fredag 3. oktober: møte med øvingslærarar Inger Marit, Lena og Irene og rettleiarar Gry og Birgit frå kl 1315-1345. Diskutering og problemstilling og mål.

Måndag 6. oktober 0830 til 1400: Starta på prosjektplanen, og formulerte mål og problemstilling.

Tysdag 7. oktober: me satt å jobba frå kl 1230 til 1500. Arbeid med pensumlitteratur og utkast til prosjektplan.

Onsdag 8. oktober: jobba frå 12:30-1500 Jobba med prosjektplanen og hadde møte med Gry angåande problemstilling og prosjektplan og sjølvvalt pensumlitteratur

Torsdag 9. oktober: jobba frå 08:30-13:00. I dag leverte me utkast til prosjektplanen.

Måndag 13. oktober: 1330-1500. Var på Langeland og hadde møte med øvingslærarar.

Tysdag 14. oktober: jobba frå 0830-1300. Detaljplanlegging av undervisningsopplegget og funne all nødvendig utstyr

Onsdag 15. oktober: 0815-1400. Gjennomføringsdag nr 1. Satt å jobba på langeland i etterkant med refleksjon av gjennomføring.

Torsdag 16. oktober: 0815-1430. Gjennomføringsdag nr 2. Satt å jobba i etterkant på langeland. Drøfting av korleis alt har gått. Gitt kvarandre innsikt i observasjonane.

Tysdag 21. oktober: 0830-1630. Me har jobba med utkast til prosjektrapport og hatt møte med Gry kl 1300.

Onsdag 22. oktober: 08:30-15:00 Gjort ferdig utkast til prosjektrapport

Torsdag 23. oktober: 08:30-15:00 Me har jobba mykje på eiga hand i forhold til teoridel.

Fredag 24. oktober: Me har ikkje vore på skulen, men vore heima der me har jobba med kvar vår del.

Måndag 27. oktober: 12:30-15:30 Jobba med teorien.

Tysdag 28. oktober: 08:30-14:45. Gjort ferdig teoridelen.

Onsdag 29. oktober: 08:30- 17:00. Me har gjort ferdig metodedelen og starta på drøftingsdelen.

Torsdag 30. oktober: 08:30- 18:40. Me har gjort drøftingsdelen ferdig, starta på konklusjonen.

Fredag 31. oktober: 08:30-14:00. Korrekturlesing av oppgåva og levert den inn.

Alle gruppemedlemma har vore til stades på alle avtalte møter.

Ingen kommentarer: