tirsdag 26. august 2008

I gong med skuleåret 08/09

Ja då er me igong med eit nytt år på lærarskulen og eit nytt år med faget pedagogikk. Det skal bli kjekt å læra meir i dette faget som eg synes er veldig spennande og lærerikt, og som eg ser stor nytte av til framtida.

Me fortset med blogg som i fjor=) Her skal det etterkvart komma fem fordjupningsinnlegg om ulike tema innanfor pedagogikkfaget. Eg trur at dette kjem til å bli ein veldig lærerik arbeidsmetode, ettersom ein må setja seg godt inn i dei ulike temane som kvar og ein vel å skriva om. Med dette måten å jobba på kan ein og læra av kvanrandre ved å lesa andre sine innlegg. Slik kan ein få enda betre læringsutbytte, kjempefordel meinar eg!!