søndag 26. oktober 2008

3. Barn i sorg



Læraryrket er ei utfordring på mange ulike måtar. Ikkje berre må ein ta utfordringar på det faglege plan, men ein får og stor innsikt i elevars privatliv. Skulen er ein stor del av kvardagen til alle barn, og dersom noko traumatisk oppstår i heimen, må læraren og ta del i dette. Skulen står som regel for tryggleik for barna, og dette er viktige kvalitetar som kan nyttast for å støtta elevar dersom ein sorgsituasjon skulle oppstå (Ropstad og Tønnessen, 1998). Ein sorgsituasjon kan vera så mangt, men eg vil i dette innlegget fokusera på sorg i forhold til dødsfall i elevens nære familie eller omgangskrets. Dødsfall er noko som kan oppstå heilt uforberedt, og då må ein som lærar handla rakst. Nettopp på grunn av det vil eg læra meir om barn og sorg, og kva skulen og lærarens oppgåver er i ein slik situasjon.


Når nokon dør, er den fyste utfordringa i forhold til barnet, å fortelja om dødsfallet. Eg vil tru at det i regelen er nokon i nær familie som gjer dette, men ein kan ikkje sjå vekk i frå at læraren ein gong må ta på seg ei slik oppgåve. Når ein skal formidla eit slikt bodskap er det veldig viktig at omgjevnadane er rolege og uforstyrra. Ta til dømes eleven med til eit grupperom der ein får vera i fred. Bodskapet må bli gitt opent og direkte til den pårørande (Ropestad og Tønnessen, 1998). Det er viktig at ein snakkar sant, dersom ein lyg til barnet, kan dette øydeleggja tilliten (Johnsen, 1991). Ein kan aldri veta kva slags reaksjonar som vil komma, men uansett bør ein unngå ”trøystande” uttrykk som: ”det går så bra så” eller ”tida leger alle sår”. Du skal heller ta elevens reaksjonar på alvor, og bruka fysisk kontakt som beroligande effekt. I etterkant er det viktig at læraren set av tid slik at eleven kan få rom til å reagera og snakka ut (Ropstad og Tønnessen, 1998).


Både som forelder og som lærar er det viktig å veta at barn reagerer ulikt og sørgjer på ulike måtar. Reaksjon og sorg kan vera avhengig av alderen til barnet, situasjonen til dømes om dødsfallet var venta eller uventa og kva forhold barnet hadde til den døde (Johnsen, 1991). Johnsen (1991) skriv vidare at mange barn reagerer på sorga ved hjelp av tårer. Enkelte kan og protestera og nekta for at det som blir fortalt er sant. Mindre barn kan ofte bli heilt stille. Dette kan vera fordi dei ikkje veit kva dei skal sei, eller fordi dei ikkje heilt forstår kva det vil seie å vera død. Ord og spørsmål til dei vaksne kan ofte koma opp som kan gå på dødsårsak, og kvifor ingen kunne redde vedkomande. ”Likegyldigheit” er heller ikkje ein uvanleg reaksjon blant barna. Desse barna treng tid til å forstå at vedkomande er død, og kan difor koma med spørsmål om løyve til å gå ut å leika. Ekvik (1991) legg vekt på at dette barnet her ”leiker ut sorga”. Barna kan leika gravferd eller situasjonar frå sjukehuset. Mange barn har ig fått hjelp ved å teikna. Dette gjeld mykje dei yngste barna som nyttar teikning til å dekka det dei opplev, sidan dei ikkje har ord og omgrep for dette enda (Ekvik, 1991).


Dei sterkaste kjenslene vil ofte koma timar eller nokre dagar etter at barnet har fått kjennskap til dødsfallet. Det er veldig vanleg at barnet knyt seg sterkt til andre omsorgspersonar (Johnsen, 1991). I følgje norsknettskole.no kan dette vera på grunn av angst som oppstår hos barnet. Tryggleiken hos barnet blir svekka når nokon av dei næraste dør. Angsten dreiar seg ofte om at noko skal skje med foreldra, at dei og skal dø. Angsten om å dø sjølv er vanleg fyrst i ungdomsskulealder. Barn opplever angst på ulike måtar. Dei yngste blir ofte klengete og krevjande fordi dei heile tida vil vera saman med foreldra, og vil reagera kraftig på fråvær frå foreldra. Dette kan føra til at barna ikkje vil gå på skulen eller på andre fritidsaktivitetar. Norsknettskole.no skriv og at barn kan oppleva å vera på vakt for at nye ting skal skje. Dette kan føra til vondt i hovudet, muskelsmerter, som igjen fører til dårleg konsentrasjon og problem med hukommelsen. Dette kan gi barnet store vanskar i skulen og med arbeidet som skal gjerast der.


I ein sorgsituasjon får barnets daglege behov større betyding og dei blir meir synlege. Tryggleik er det viktigaste av alt (Johnsen,1991). Johnsen (1991) nemner vidare seks behov hos barnet som er blir ekstra viktige i ei slik tid:


Å vera inkludert. Barnet bør få innsikt i kva som skjer med forberedingar. Det får og behov for å få ei meiningsfull oppgåve, kanskje i forbinding med gravferda.


Å vera open. Det er viktig at barnet og dei vaksne kan snakka saman, og at ein vaksen kan hjelpa med å setja ord på kjensler. Jo meir open ein kan vera saman, jo lettare er det for barnet å få oppklart missforståingar og spørja spørsmål som kunne ha ført til angst.


Omsorg. Barn treng å ha ein vaksen rundt seg. Tryggleik og fysisk kontakt er viktige stikkord. Barnet har og behov for å veta at det ikkje vil bli åleine og at det alltid vil vera nokon som vil ta seg av han/ho.


Å kunna visa kjensler. I ein sorgsituasjon er det naturleg å bli sint og uroleg, og barnet har behov for å ”rase ut” og grine. Dette må bli godtatt av dei vaksne og dei må vise forståing når slike reaksjonar kjem.







Å vera stille. Eit utbrot som nemnd ovanfor kan føra til at barnet går på rommet sitt, legger seg ned og er heilt stille. For å vera på den sikre sida, kan det vera lurt å spørje om barnet vil vera i fred, i tillegg til å visa at ein er tilgjengeleg dersom barnet får behov for å vera saman.


Tillitt. Tryggleik og at nokon viser at dei har tid til barnet og kan lytta til det som det har å sei.


Kva gjer skulen??

I følgje Ekvik (1991) dør det i Noreg 40 000 – 50 000 menneske kvart år. I følgje statistisk sentralbyrå stemmer framleis dette, ettersom statistikken der seier at nesten 42 000 menneske døde i 2007. Dette seier meg at du som lærar vil ha store mogleikar til å oppleva at nokon av elevane dine mister nokon som dei er glad i. Kva gjer så skulen i ein slik situasjon? Alle skular bør ha utarbeida ein beredskapsplan for korleis ein skal handtera kriser, spesielt i forbinding med plutselege dødsfall. Slike situasjonar oppstår brått for alle, og læraren har difor ikkje hatt tid til å forberede seg. Av den grunn er det viktig for oss som nyutdanna lærarar å lese ein slik plan, og eventuelt etterspørje den om den ikkje finnes. Å utforma planen er skuleleiinga sitt ansvar (Ropstad og Tønnessen, 1998).

I ein slik kriseplan bør det stå noko om kven som har ansvaret for kva, og vidare kva og korleis… Det er rektor sitt ansvar å fordela arbeidet slik at rett person er på rett plass. At alle i skulen kjenner til sitt ansvarsområde vil kunne avhjelpa kaoset som lett kan oppstå når ei ulykke inntreff (Ropstad og Tønnessen, 1998).


Det konkrete sorgarbeidet vil hamne på den enkelte klasselærar/kontaktlærar. Eit dillemma som læraren kan koma opp i er kor aktiv eller tilbaketrekt ein skal vera i samtale med eleven, (Ropstad og Tønnessen, 1998). Vidare skriv dei at ein bør finna ein form for balanse mellom overdriven trøysting og det å la eleven vera i fred. Fyrst og fremst er det viktig at eleven ikkje er åleine den fyrste tida etter dødsfallet. Ver fysisk til stades.


Men kva gjer ein så med resten av klassen? Eg meinar det er viktig at elevane i klassen blir informerte om det som har skjedd. På denne måten kan ein oppnå den beste omsorga til eleven. Informasjonen klassen får, må vera avtalt på forhand saman med foreldra og eleven som sørgjer. Eg meiner det er vel så viktig at medelevane stiller opp, og på same måte som læraren; viser at ”dei er der”. Medelevane får og då forståing for korleis venen deira vil ha det i tida framover.
Saman i klassen kan det vera verdifullt å nytta andre uttrykksformer enn ord. Musikk, levande lys og blomar kan ha sterk symbolverdi og kan nyttast i mange situasjonar for å gi uttrykk for kjenslene (Ropstad ogTønnessen, 1998).


Rett etter ei traumatisk oppleving er det naturleg at skuleprestasjonane ikkje er optimale. Det er viktig at læraren er klar over dette, og difor ikkje stiller dei same krava som elles. Det kan vera lett for læraren å gløyma at alvorlege traume kan for enkelte elevar føra til konsentrasjonsvanskar i fleire månader. Følelsar stenger for den intellektuelle funksjonen (Ropstad og Tønnessen, 1998).

Ekvik (19976) legg og vekt på sorg tar lang tid hos barn og unge. Sjølv om det har gått svært lang tid, er det viktig at læraren i blant tar seg tid til å høyre korleis det går, og med deg vise at ein ikkje har gløymt det som skjedde med eleven. Elevar som kanskje har mista ein av foreldra sine og har store sorgopplevingar, kan ha konsentrasjonsvanskar og seinreaksjonar over eit mykje lenger tidsrom ein det ein trur. Sjølv om det har gått så mykje som eit år, kan ein ikkje tolka elevens åtferd utan å ta sorgopplevinga med i betraktning. Vaksne menneske kan bæra på sorg veldig lenge, dette gjeld og barn…







Etter å ha sett meg inn i dette tema ser eg at den enkelte lærar heldigvis ikkje står åleine med ”problemet” dersom ein elev i din klasse opplever å mista nokon. Du har heile skulen og rektor med på laget. Det kan likevel følast overveldande dersom eit uforberedt dødsfall skjer i elevens nære familie. Då kan det vera godt å ha satt seg inn i skulen sin kriseplan for slike situasjonar. Det er ikkje godt nok å ”stormlesa” den ein halv time før ein skal inn i klassen. Kunnskap om barn og sorg generelt er viktig kunnskap å ha dersom situasjonen oppstår.


Når det gjeld tida etter dødsfallet trur eg det er viktig at eleven og læraren kan leggja ein plan saman for skulearbeid og liknande. Eg trur ein elev i stor sorg brått kan få ”anfall” , enten i form av gråt eller raseri. Eg trur det då er viktig at eleven får gå ut for seg sjølv og rase frå seg på sin måte. Arbeidsmetodar i kassen kan og bli lagt opp med omsyn til denne eleven. Kanskje kan gruppearbeid vera den beste arbeidsmåten for eleven, for å få tankane over på andre ting. Å snakke saman og om slike ting, meiner eg at både læraren og eleven vil ha utbytta av.


Litteratur:

Ekvik, S. (1991) Skolen i møte med elever som sørger. Gyldendal Norsk Forlag A/S


Johnsen, A. N. (1991) Barn sørger. IKO-Forlaget, Oslo


Ropestad, H. & Tønnessen, L. K. B. (1998) Elever i vanskelige livssituasjoner, læreren i møte med elever som opplever krise, sorg og omsorgssvikt. Høyskoleforlaget AS

Statistisk sentralbyrå (2008). Henta 10.11.08. Tilgjengeleg frå http://www.ssb.no/

4 kommentarer:

Cathrine Førland sa...

Hei Christina=)

Dette var et godt faglig relevant fordypningsinnlegg. Du skrive bra om barnets ulike måter å reagere på, her lærte jeg mye.

Flott oppsummert av de 6 ulike behovene som er viktig for et barn i sorg. Det var oversiktelig og ryddig!
Flott at du også har brukt bilder som passer til tekseten. Dette gjør det mer spennende å lese.

Det var lærerikt å få lese om hva skolen skulle gjøre i en slik situasjon, dette er nyttig for meg å få ta med meg videre.

Stå på videre!
Cathrine

Christina sa...

Takk for fin kommentar Cathrine:)

Kenneths blogg sa...

Veldig bra innlegg christina, viktig tema som du har presentert på en ryddig og oversiktlig måte, med passende bilder.

Eneste jeg savnet var nummerert tittel slik at det blir lettere for oss som skal kommentere, å bla oss fram til rett innlegg.

Mvh Kenneth

Christina sa...

Takk Kenneth. No er alle innlegga mine nummererte:)