søndag 23. november 2008

4. Ungdomsalderen- Kven er eg?

Tenke sjæl og mene, måtte stå for det du sa
Ikke vri deg unna, ikke være likeglad
Ikke late som du ikke mente det du sa
Ikke si som andre
Du må tenke sjæl

Trond-Viggo Torgersen

Ungdomsåra er ei spesiell og spennande tid. Det er tida for å lausrive seg frå barndommen og tre inn i den vakse sin rolle. Det er tida for å ”finna seg sjølv”. Eg sjølv kan godt tenkje meg å bli lærar på ungdomsskulen, og har derfor lyst å kikka litt nærare på det som er så spesielt med ungdomsalderen.

Kven var eg, kven er eg, og kven vil eg bli?
I følgje Imsen (2005) vil det å kjenne seg sjølv sei å ha ein identitet og veta kva ein står for. Identitet vil blant anna sei å ha ei trygg og stabil sjølvoppfatning, og identiteten blir ofte brukt for å skildra utvikling og for å få forståing for ungdommens situasjon.



Erikson, som me kjenner til, deler livet inn i åtte karakteristiske periodar. Desse kallar han for menneskets åtte aldrar. ”Pubertet og identitetsdanning”, som er den femte alderen, er kanskje den mest omfattande av alle dei åtte aldrane. Tillit, sjølvstende, initiativ og arbeidsevne som ein fekk i barndommen må no prøvast ut på nytt igjen. Utfallet av denne perioden kan vera identitet, som er positivt eller identitetsforvirring som er negativt utfall. Identitetsforvirring inneber blant anna problem med å finna sin plass i det sosiale og usikkerhet knyta til yrke og sjølvbilete (Imsen, 2005).

”Ungdomsalder, vennskap og intimitet” er den sjette av Erikson sine åtte aldrar. Ein kan knyta nære og personlege kontaktar og ein går inn i djupare vennskap og kjærastforhold. Dette inneber gjensidige forpliktingar som føreset personleg styrke.

Å skaffa seg ein identitet var det Erikson meinte var den viktigaste utviklingsoppgåva i ungdomsalderen. Der er dei store fysiske endringane og nye krav og forventningar frå dei vaksne som resulterer i at den barnlege identitetskjensla bryt saman, og ein startar ”jakta” på å etablera ein ny identitet. Då må han eller ho få ei oppleving av seg sjølv, kven ein er og kva ein vil framover i livet. Dette inneber mange val som kan vera svært vanskeleg for dei unge å svara på. Det kan vera spørsmål om kva utdanning og yrke ein vil velja, og kva religiøse, moralske og politiske standpunkt ein vil ta. Yrkesvalet er av stor betyding ettersom dette vil bestemma grad av levestandard og sosial posisjon i samfunnet. Med val av yrke oppnår ein vaksen identitet og status i samfunnet. Kven eg er som seksuelt vesen er og eit spørsmål dei unge må ta stilling til. (Evenshaug og Hallen, 2000)

Skulen er ”bånn”
Undersøkingar viser til at mange ungdommar synes at skulen er kjedeleg og lite interessant (Strandbu og Øia, 2007). Eg trur at dette kan vera fordi ein på ungdomsskulen får meir ansvar og læraren og foreldra heime stiller meir krav. Karakterar kjem på bana, og det blir lettare å samanlikna seg opp mot medelevar i større grad ein før, noko som kan vera truande for enkelte elevar, ettersom det kan bli eit stort karakterpress. Ungdomsskulen kan og sjåast på som ein ”mellominstans” mellom barneskulen og det som etterpå blir meir yrkesretta skule. I denne alderen, som skrive tidlegare, startar dei unge å tenkja på kva dei vil i livet yrkesmessig. Eg tenkjer at ungdomsskulen då kan vera lite motiverande for elevane, fordi dei ikkje ser relevans med det dei lærer på skulen, og det verkelege livet som ventar.

Likevel er det nesten heile 90 prosent som seier at dei trives på skulen (Strandbu og Øia, 2007). Mykje av grunnen til dette kan ligga i påstandar som Strandbu og Øia (2007:73) viser til: ”Å møte venner er viktigere for meg enn å lære alt og gjøre det godt på skolen”. Det sosiale ved skulen er altså ein veldig viktig trivselsfaktor.

Kva kan så læraren gjera for at elevane skal vera motiverte for å gå på skulen på anna grunnlag enn det sosiale? Korleis læraren legg opp undervisninga meiner eg er veldig relevant. Ein må prøva å bryta med tradisjonelle undervisningsformer der læraren nyttar tavla for å gå gjennom stoffet og der elevane les i bøkene og gjer oppgåver til stoffet etterpå. I ungdomsskulen er nok behovet stort for å knyta undervisninga opp mot det daglege liv og aktuelle yrker. På denne måten vil og forståinga til elevane bli betre. Lærarane må prøva å tenkja nytt med tanke på undervisningsmetodar, gjerne i samarbeid med andre faglærarar, slik at opplegget kan gjennomførast tverrfagleg. Elevane sjølv kan og få vera med å bestemma i form av elevmedverknad.

Forholdet til jamnaldersgruppa
Den unge blir no oppteken av seg sjølv, på ein annan måte og meir enn tidlegare - eget kjem i fokus. Den unge kan i mange samanhengar bli nesten sjukleg oppteken av kva andre synes om og trur om han eller ho (Evenshaug og Hallen, 2000). Dette trur eg dei unge er så oppteken av fordi dei er redde for å ikkje bli akseptert av jamnaldersgruppa. Og på denne måten er det lett for dei unge å gi etter for gruppepress som ofte oppstår i slike situasjonar. Evenshaug og Hallen (2000) viser til undersøkingar som tyder på at dette presset til dels er eit fiktivt krav. Dette er fordi dei unge kan feiloppfatta kvarandre sine haldningar. Til dømes når det gjeld alkohol, som alle ungdommar må ta stilling til, er det mange som trur at andre drikk meir enn det som faktisk er sanninga. Forklaringa til dette kan ligga på korleis ungdommen blir presentert på, til dømes i media. Der ligg fokuset og merksemda på dei problematiske ungdommane, dei som driv med kriminalitet, stoff og udisiplinerte skuleelevar. Lovlydige unge blir nesten ikkje omtala. På denne måten blir det skapa eit bilete som viser at mindretalet blir representativt for alle dei unge.

Behovet for å bli akseptert av andre kan føra til at den unge kan bli villig til å gå ganske langt for å gi etter for gruppepresset. Mange foreldre har bekymringar ovanfor dette, og gjerne med god grunn. Men ein kan og sjå på dette i positiv retning, avhengig av innhaldet i krava. Tilhøyrsle og konformitet med jamnaldringane kan bli sett på som eit viktig ledd i den unges strev med å frigjera seg frå foreldre og bli sjølvstendig på fleire område (Evenshaug og Hallen, 2000). Jamnaldringsgruppa er altså den sosiale ramma for utprøving av fridom og sjølvstende (Imsen, 2005).

Antisosial åtferd er foreldra kanskje er mest redd for. Antisosial åtferd vil sei åtferd som bryt med sosiale og etiske normer og som er til skade for andre eller deg sjølv. Det kan til dømes vera kriminalitet eller rusmiddelbruk (Evenshaug og Hallen, 2000). Ungdomstida er nettopp ”høgsesong” for slik åtferd. Strandbu og Øia (2007) seier at dette er eit felt der gutar er meir involverte enn jenter. Undersøkingar frå ung i Noreg viser at det er gutar som gjer dei mest alvorlege lovbrot, medan kjønna ligg ganske likt på ”milde” lovbrot. Alvorleg kriminelle ungdom har nokon spesielle kjenneteikn. Skuletilpassinga er i regelen dårleg. Misstrivsel, skulking, svak fagleg og disiplinærproblem er relatert til grad og hyppigheit av lovbrot og problematisk åtferd (Imsen, 2005). Her er det nok og jamnaldersgruppa som speler inn. Eg trur det er samspelet mellom enkelte som gjer at ein gjer det ein gjer, og at ein pressar kvarandre til å gjere lovbrot.


Ei historie frå då eg gjekk på ungdomsskulen
Jamnaldringsgruppa saman kan og få det problemfullt. Det har eg lyst å fortelja litt om gjennom ein periode frå då eg sjølv gjekk på ungdomsskulen. Dette er og relevant med tanke på kva ein lærar kan gjera i ein slik situasjon.

Då eg sjølv byrja på ungdomsskulen tok det ikkje lang tid før me var blitt ein vennegjeng på seks. Me var saman på fritida og i friminuttane på skulen. Dersom me var så heldige å få velje gruppesamansetning ved eit gruppearbeid sjølv, var me uløyseleg knyta saman. Då læraren meinte at seks personar var for mange, og spurte om me kunne dela oss i to, lova me stort om at me skulle skikkeleg gå inn for arbeidet og gjera ein usedvanleg god jobb. Og sidan lærarane visste at me jobba godt saman på ”profesjonelt” vis, fekk me i regelen lov til dette. Me var flinke og rolege elevar med karakterar over snittet heile gjengen.

På hausthalvåret i niande klasse fekk gjengen vår fleire trugslar. To elevar ved skulen på kvart sitt hald søkte innpass i vennegjengen, der allereie etablerte medlemmer var ueinige om korleis ”saka” skulle løysast. Dette, i tillegg til at me på denne tida fekk ulike interesser og utvikla våre identitetar, gjore at me hamna opp i ulike konfliktar oss mellom. ”Problemet” som i etterkant verka så uviktig var på den tida svært stort. Enkelte i vennegjengen enda opp med å ikkje snakka saman i over to månadar, og julepresangutveksling mellom desse var ikkje aktuelt denne jula.

Det vart ”krise” for oss på skulen ein periode. Samtidig som nokon av oss hadde problem to og to, var det og problem som gjaldt oss alle. Her gjorde læraren vår ei utruleg oppgåve. Han brukte matfriminutta til å vera meklar. Dette gjorde han ved å vera tilstades for å høyra på oss, der han snakka om kom med innspel der det var nødvendig. På denne måten lot han oss styre samtalen. Dersom noko hadde oppstått i eit friminutt hadde læraren vår ingen problem med å la oss få gå ut på gangen for å snakka ut, medan han var inne og hadde undervisning med dei andre i klassen.

Dette var ikkje nok for læraren vår. Han ordna det slik at vennegjengen vår kvar onsdag, fyrste time skulle gå til ”time” hos helsesyster på skulen. Målet med dette var å prøva å løysa problemet på eit meir ”profesjonelt” vis. Eg hugsar ikkje kor lenge me hald på med dette, men det må ha blitt nokre timar..

Denne læraren er blitt eit slags idol for meg. Han viste noko som for oss var veldig viktig, og det var at han tok oss på alvor. Han viste på absolutt alle måtar at han brydde seg om oss, og han ville bruka tid og ressursar for å få løyst problema som me hadde. Slik eg ser det, gjorde han alt rett. Hadde me ikkje fått den omtanken og behandling som han gav oss, ville det tatt lenger tid å løysa konfliktane og det ville ha gått ut over konsentrasjon og fagleg utbytte på skulen.

Oppsummering
Ungdomstida er som sagt ei tid for å lausrive seg frå dei vaksne, spesielt foreldra. Dette inneber ofte konfliktar i ulik grad frå person til person. Graden av konflikt trur eg og er avhengig av korleis foreldra er, og kva grenser dei unge har. Som ungdomsskulelærar har du ikkje berre i oppgåve å undervisa elevane. Ettersom heimen og foreldra kan vera vanskelege å snakka med, må du som lærar visa at du bryr deg og at du er tilgjengeleg dersom den unge treng nokon andre enn foreldra til å snakka med.

Som Evenshaug og Hallen (2000) og skriv så skal skulen og læraren bidra til å gje dei unge varierte mogleikar til å utforska. Dette gjeld verden i kring oss, og spesielt utdanning og yrkesmessige mogleikar. Eg meinar og at skulen skal gi rom for at elevane skal få utforska seg sjølv, vera seg sjølv slik at dei får finna sin identitet og sin plass i samfunnet. Samtidig må ein innføra i normer og reglar og prøva å hindra antisosial åtferd.

Kjelder:

Evenshaug. O & Hallen. D. (2000) Barne- og ungdomspsykologi. Gyldendal Norsk Forlag AS.
Imsen. G. (2005) Elevens verden innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget.
Strandbu. Å & Øia. T (red). (2007) Ung i Norge, skole, fritid og ungdomskultur. J.W. Cappelens Forlag AS, Oslo

4 kommentarer:

Anna Kristin sa...

Hei, Christina!

Eit interessant innlegg om den vanskelege brytningstida som ungdommane er i.
Flott innleiing med Trond-Viggo Torgersen og "Tenke sjæl"! Veldig bra at du har teke med kva læraren kan gjera for å motivera elevane! Kjekt å lesa om læraren din som verkeleg viste korleis ein bryr seg i praksis!
Lukka til med det siste innlegget dtt!

Mvh
Anna Kristin

Christina sa...

Takk for kommentar Anna Kristin:)

Thomas Larsen sa...

Som Anna Kristin sa, syns eg innleiingen med Trond-Viggo passet meget bra inn.

Eg syns det er bra at du har tatt for deg dette temaet. Det er så mye som skjer med oss når vi er ungdommer og eg kjenner meg igjen i mange av situasjonene du kommer med.

Bra at du tar med at bildet mange har av ungdom er ofte basert på kun den negative gruppen og ikke den positive, "snille" ungdommen. Viser igjen at vi mennesker fokuserer for mye på det negative.

Også kjempebra at du tar med egne erfaringer om temaet og denne historien med 'vennegjengen' var imponerende. Ikke rart du ser på den læreren som et idol når han klarer å konfrontere problemet på en slik måte. Vi har alle ett og annet vi kunne lært av han, ja.

Fint lite negativt eller kritisk å si om dette innlegget. Temaet er kjempeviktig for oss som lærere, spesielt med tanke på at det er ungdomskole elever vi skal møte til neste år.

Christina sa...

Tusen takk for fin kommentar, Thomas!