onsdag 3. desember 2008

5. Autisme

Eg har valt å skriva mitt siste innlegg om autisme. Dette er rett og slett av den enkle grunn at eg ikkje kan så mykje om dette frå før, og vil læra meir om kva dette inneber. Som lærar er det ikkje utenkeleg å komme borti ein elev som har autisme.

Kven får autisme?
Forsking viser at 3 til 5 per 1000 innbyggar får diagnosen autisme, og tilfella er oftare hos gutar enn hos jenter. Årsaka seier å vera ein organisk hjerneskade, men dette er framleis usikkert, og det blir forska mykje på dette området den dag i dag.
Symptoma til autisme kan visast allereie ved fødselen av, men er og vanleg at dette blir oppdaga på eit seinare tidspunkt. Det kjem i regelen fram før barnet er tre år gammal (autismeforeininga).

Korleis blir autisme diagnostisert?
Autisme blir sett på som ein omfattande funksjonshemming (autismeforeningen). Det har vore store endringar i diagnostiseringa av autisme sidan den gongen denne diagnosen for fyrste gong blei skildra. Det vil nok og fortsetja med jamlege endringar i åra som kjem. Autisme er definert som eit syndrom som tyder at ein del kjenneteikn må vera på plass for å få diagnosen. Her er det laga ei slags skjekkliste av kjenneteikn, der ein må ha eit bestemt antall av desse kjenneteikna for å få diagnosen autisme (Befring & Tangen, 2008). Slik eg forstår det så blir det gjort på denne måten fordi den enkelte som skal stilla diagnosen ikkje skal måtta bruka skjønn og tolking, noko som vil variera veldig mykje ettersom den som set diagnosen har forskjellig erfaring og kunnskapar.

Kva kjenneteiknar menneske med autisme?
Sidan den gongen då autisme fyrst blei skildra, har det vore tre sentrale utviklingsmessige problem som har definert diagnosen. ”Desse kan uttrykkes som omfattende språkproblemer, vansker med å omgås andre mennesker og avvikende reaksjoner på omgivelsene (Befring & Tangen, 2008 : 410) Det er desse tre dimensjonane som er hovudproblematikken til menneske med autisme, og eg vil no gå meir innpå kva desse inneberer.

Språkproblem er ein av faktorane som definerer autisme. Det er viktig å vera klar over at det her er veldig stor variasjon innan språkdugleikar. Det er vanleg at talespråket har manglar eller er tilbakeståande og at ein ikkje har evne til spontan samtale. (Befring &Tangen, 2008). Nettsida til autismeforeininga skriv og at det er mange som gjentar det andre seier som ein ekkotale, utan at det verkar meiningsfullt i samanhengen. Talen kan ofte vera monoton grunna dårleg talerytme. Dei fleste har og lite mimikk og kroppsspråk, eller det kan vera lite samsvar mellom det dei seier og mimikken. Som ein ser, så er det mange ulike problem innanfor språket, og det heile varierar frå individ til individ. Det kan faktisk variera heilt frå å vara språklaus til å ha eit flytande talespråk (ibid).

I dag blir det sagt at det er under 20% av dei som har autisme som kan karakteriserast som språklause. Hos desse menneska er målet å kunna etablera ein grunnleggande kommunikasjon om enkle og primære behov ein har i kvardagen. Den største delen av autismebefolkninga har eit talespråk, men det består av ein avgrensa vokabular på mellom 10 til 50 ord, teikn og fraser. Hos desse menneska blir dette språket nytta opp igjen og opp igjen og veldig lite variert. Som sagt tidlegare er det nokon med autisme som fungerer godt språkmessig. Men desse har og omfattande språkproblem i mange kvardagslege samanhengar. Dette går som regel ut på forståinga av språk i sosiale kontekstar. Her kan det for mange vera vanskeleg å skilja mellom språklege og sosiale problem (ibid).

Menneske med autisme kjenneteiknast ved nokre bestemte personlegdomstrekk. Eg nemner tre sentrale frå Befring og Tangen (2008):
· Sosialbilitet- liten sosial forståing og mangelfulle sosiale dugleikar.
· Fjernhet- gjeld ikkje alle med autisme
· Rigiditet- manglande fleksibilitet og reagerer negativt på at rutinar og forventningar blir brotne.

Autismeforeininga viser og til enkelte typiske åtferdsmønster. Dei fleste av autistane har eit sterk avgrensa åtferdsrepertoar, som er prega av gjentakingar og ritual. Mange har problem med å bruka ei leke slik som den skal. Å surre hjula på leikebilen kan til dømes vera meir interessant enn å køyra den. Mange er og vare for lydar, enten ein liker eller missliker dei. Åtferd kan og variera ved at nokon er veldig urolege og er svært aktive og utagerande, medan andre kan vera passive, rolege og fjerne.

I forhold til det sosiale kan barn med autisme virka veldig uinteresserte. Til dømes kan det verka som dei ikkje reagerer når dei blir lekt eller stelt med. Ofte kan dei verka svært nøgd med å få vera åleine. Nokon barn med autisme liker kroppskontakt kanskje ved lek, medan andre kan bli heilt stive og avvisande dersom dei blir tatt på. Nokon har dårleg blikk-kontakt medan andre kan stirra folk inn i ansiktet på nært hald. I sosiale samanhengar kan menneske med autisme ha store vanskar med å forstå og delta i forskjellige aktivitetar, og samhandling med andre menneske, samt empatien er avgrensa (autismeforeininga).

Autisme som utviklingsrisiko
Autisme, og problema som direkte er forårsaka autismen, kan reknast som ein risikofaktor til tilpassingsproblem og psykiske vanskar seinare i livet. Slike vanskar er ikkje unikt for menneske med autisme, men har likevel høgare førekomst hos desse, enn resten av befolkninga. Det er av ulik grad autistar slit med slike tilleggsproblem som følgje av sin autisme og på kva måte vanskane utartar seg. Det finnes dessverre ikkje noko god data som gjer det mogleg å sei kor stort problemet er. Det er midlertidig klart at det særleg er angst og depresjon som har høgast førekomst blant høgtfungerande menneske med autisme. Mange med autisme synes særleg frå ungdomsalder å vera prega av ein bekymring som glir over til mot sosialfobisk angst.
Befring & Tangen (2008:420) legg fram Tantam (2000) sin oversikt over mulige forklarande faktorar for kvifor autistiske problem kan utgjera ein risiko for emosjonelle problem:

1. Sårbarheit for affektive (emosjonelle) vanskar
2. Stress i familieforholda eller samanbrot av familien
3. Høgare enn vanleg førekomst av negative hendingar i livet
4. Mobbing og andre opplevingar av å vera eit offer
5. Bevisstheit om at ein er annleis enn andre
6. Oversensitivitet for avvisingar og at ein er oppteken av å ha blitt urettferdig behandla
7. Brot i relasjonar

Skulen og autisme
Strandkleiv (2003) skriv at utgangspunktet for vellykka tilpassa opplæring er pedagogisk kartlegging. Det er dette som vil danna eit godt grunnlag for realistiske opplæringsmål og fastsetjing av innhald i og organisering av arbeidet i læringssituasjonen. Dei fleste elevar med autisme vil som regel ha eit avgrensa utbytte av det vanlege opplæringstilbodet, og mange vil vera avhengig av spesialundervisning gjennom heile skulegongen. Her er det og viktig at foreldre er med å bidrar og har innflytelse på innhaldet i spesialundervisninga.

Elevar med autisme treng ro, fred og struktur rundt seg. Avskjerma del i klasserommet eller grupperom vil vera vesentlege å tilgang på. Menneske med autisme kan ofte ha spesielle eller tvangsmessige interesser. Eit klasserom kan difor vera noko dirtraherande. Spesielle lydar som kritt mot tavla og stolar som skrapar i golvet kan vera problematiske. Gardin som flagrar, og sollyset som reflekterar gjennom vindauget kan vera distraherande eller fasinerande. Slike ting som dette kan verka som sterke motkrefter når ein vil kommunisera med desse barna (Kaland, 1996).

Atmosfæren i eit livleg klasserom kan for mange med autisme skapa ubehag og angst. Som lærar bør ein vera bevisst på kva som kan vera ubehageleg og eventuelt angstutløysande for eleven, slik at ein kan unngå slike situasjonar. Likevel vil det nok vera faktorar som vil vera uunngåelege, så desse må eleven prøva å lære å handtera. Det må leggast til rette for den enkelte, slik at læresituasjonen blir så optimal som mogeleg (ibid).

Det største målet for skulegongen til autistiske barn må vera å bidra til positiv livskvalitet. Opplæringa må vektlegga innlæring av kunnskapar og dugleikar som det autistiske barnet kan få nytte av i det verklege livet (Strandkleiv, 2003). Det gir ingen meining å trena på lesing i utallige timar dersom eleven ikkje vil forstå noko av det som blir lese. Autisme er dessverre ikkje noko som ein veks frå seg og heller kan ein ikkje trena det bort, så opplæringa må kanskje derfor fokusere på andre faktorar enn dei andre elevane. Dette kan kanskje gå på åtferdsteknikkar der målet er å modellera eller å forma ønska sosial åtferd. Dette kan dreia seg om dugleikar innan igangsetting og oppretthalding av ein samtale med andre. Det må og kanskje vera nødvendig å trena på å fjerna uønska sosiale åtferd. Det som Strandkleiv (2003) brukar som døme her er å læra bort grunnleggande reglar som: at ein ikkje tar av seg kleda sine offentleg.

Befring & Tangen (2008) nemner eit vesentleg poeng i forhold til pedagogisk tilrettelegging med tanke på barn med autisme. Det er å ”...gjøre det kvalitativt annerledes- ikke å gjøre det same på et ”lavere” nivå ut fra en antakelse om svikt i logisk evne og resonnering” (ibid:424). Problema kan ofte ha samanheng med at autistiske barn ikkje har dei sosiale føringane som blir føresatt som kjent i vanlege undervisningssamanhengar, slik som døme frå dagleglivet i matematikken.

Ulike individ
Det som er viktig å tenkja på i alle samanhengar når det gjeld autisme, så er det at det er enorme individuelle forskjellar. Det beste dømet på forskjellar innanfor gruppa er variasjonane i funksjonsnivå uttrykt i språk- og kommunikasjonsdugleikar. På grunn av desse enorme forskjellane kan ein ikkje behandla alle innanfor autismegruppa på same måte. Alle har behov for ulike tiltak og ulike tilbod avhengig av det enkelte individets særtrekk. Desse ulike behova er ofte avhengig av kva den enkelte har av språklege og kommunikative dugleikar. Ein vil trenga praktisk og teoretisk kompetanse for å kunna skreddarsy tilboda for barn (og vaksne) med autisme (Befring & Tangen, 2008).

Variasjonen på personlegdomstrekka viser at menneske med autisme er ei heterogen og ikkje ein homogen gruppe (ibid).

Min oppsummering
Etter å ha jobba med dette emnet har eg i alle fall sjølv lært veldig mykje om eit syndrom eg ikkje kunne noko om frå før. Slik eg ser det no er det vanskeleg å oppsummera kva tiltak ein som lærar må ta, fordi tilfella av autisme varierer så sterkt. Ein må lære seg korleis det individuelle barnet er, og kva det har behov for av tilrettelagte tilbod. Det som eg synes er viktig er at det totale tilbodet inneber at barnet får eit så meiningsfullt liv som mogeleg og god livskvalitet. Dette gjeld til dømes å lære å kommunisera med ord og teikn.

Litteraturliste:
Kaland, N. (1996) Autisme og Aspergers syndrom ”Theory of mind”, kommunikasjon og pedagogiske perspektiver. Universitetsforlaget AS

Berfing, E og Tangen, R (red) (2008). Spesialpedagogikk. Cappelen Damm AS, Oslo.

Autismeforeininga (u.å) Hva er autisme? Henta 24.11.08 frå:
http://www.autismeforeningen.no/comweb.asp?ID=4&segment=1&session

Strandkleiv, O.I (2003). Autisme. Henta 01.12.08 frå http://www.elevsiden.no/psykiskhelse/1098313680

4 kommentarer:

Gerd Elin sa...

Hei Christina
Du har skrive eit interessant og oversiktleg innlegg om autisme. Det var interessant å sjå korleis du løyste oppgåva. Eg har og skrive om emnet, men då med særleg vekt på asperger syndrom, som også høyrer heime i autismespekteret. I konklusjonen din seier du at autister er ulike og difor må har ulik tilpassing, det ser me og av innlegget som Marianne har skrive om autisme. Nokre autistar fungerer ganske bra i skulen. Interesant det du skriv om variasjon i språket hos autistar, og at nokre er heilt utan språk.
Skal eg pirka litt, går det på at det ser ut som om du har hatt litt hastverk i nokre setningar der det ser ut som om ord manglar. Det er og litt vondt å lesa det som står attmed dei store bileta dine (noko som eg og fekk kommentar på i eitt av innlegga mine).
Gratulera med fullført blogg og lykke til vidare:-)
Gerd Elin

Christina sa...

Tusen takk for kommentar Gerd Elin!:) Eg har lese gjennom innlegget mitt ein gong til, og ser du har rett- eg har slurva litt enkelte plassar. Ein ser seg ofte blind på sin eigen tekst.. Men no har eg i alle fall retta opp i det som eg merka meg. Har og gjort to av bilete litt mindre. Håpar det er lettare å lesa no!

Ane Kesia sa...

Hei hei Christina:)

Her har du skrevet et meget godt faglig relevant innlegg, som jeg definitvt vil kopiere ut og legge i samlingpermen min:)

Måten du har strukturert stoffet på gjør at jeg hele tiden blir " dratt med videre" , og at jeg til slutt møter en konklusjon som er gjennomtenkt. De siste setningene dine der, vil jeg helt klart stille meg bak.

Noen " snert" vil jeg ikke si jeg fant, men saklig og informativt...bra.

Et tips,
..jeg har skrevet om selektiv mutisme, en diagnose som har mange likhetstrekk med auisme.
I motsenting til autisme, kan derimot denne " vokse" seg til det bedre.

Kjempeflott,
og God Jul:)
Ane Kesia.

Christina sa...

Takk for veldig kjekk tilbakemelding Ane Kesia:) Tusen takk for tipset, innlegget ditt skal eg lesa no med ein gong!:) God jul til deg og:)