søndag 21. desember 2008

Refleksjon

Ja, då var det på tide å sjå tilbake på hausthalvåret med pedagogikk og blogging. Dette året blei blogginga litt annleis enn i fjor. I år skulle alle skrive fem fordjupningsinnlegg i staden for eit innlegg til kvar time med pedagogikk. Eg synes definitivt at denne måten me har jobba på i år har vore den beste. Det har vore utruleg lærerikt å setja seg inn i fem forskjellige valfrie emner. At me har fått velja emne sjølv har gjort at me kan setja oss inn i tema som me synes er interessante, og dette har for min del vore den største motivasjonsfaktoren. Dei fleste emna som eg har valt å skriva om, var emne som eg kunne lite/ingenting om frå før. Dette var bevisst, for eg ville ha stort læringsutbytte. Det har vore kjekt å jobba med bloggen i år, sjølv om kanskje tidspresset heile tida har lugge i bakgrunnen. I tider var eg flink til å halda fristar, men då travle periodar som praksis og GLSM- prosjektet kom, hamna bloggen litt i bakgrunnen. Då var det andre ting som fekk fokus og prioritet. Etter desse sju vekene hamna eg litt etter, og stressa litt med å komma på sporet igjen. Men til slutt kom eg og i hamn..

Det som og har vore veldig lærerikt denne hausten er at kvar og ein har tilgong til å lesa andre sine innlegg. Dette har gjort at eg har lært mykje om andre tema som eg sjølv ikkje har skrive om. Eg har lese ein del innlegg, men skulle ønska eg hadde tid til å lesa fleire. Kommenteringa synes eg i hovudsak har gått greitt. Det er likevel ikkje alltid like enkelt å setje fingeren på kva som er bra og dårleg, og eg har fleire gongar måtta lest innlegget fleire gongar for å føla at eg hadde grunnlag til å gi ein god kommentar.

No blir det spennande å sjå korleis me skal jobba med pedagogikk etter julJ Håpar det kan bli like lærerikt som hausten! God jul til alle samen!!

Ingen kommentarer: